Det var Harry Michorius frå Nederland som fiska laksen i Bondalselva på Sæbø denne veka. Han har køyrt med bil til Sæbø heilt frå Nederland for å få med seg det årlege laksefisket i Bondalselva. Lykka var med han, og den første laksen han fekk var på heile 10, 3 kg, og den største han nokon sinne har fiska.

– Starten på laksefisket kunne ikkje vore betre, seier Harry og smiler.

Bondalselva

– Eg var heilt åleine i elva når eg fiska laksen. Eg synest det er best å fiske åleine, for då kan eg gjere det på min måte. Men det var ein riktig sterk fisk, og det var tungt når laksen gjekk med straumen. Eg brukte rundt 40 minutt på å få den i land, og det hadde ikkje vore mogleg å få den opp utan klepp, forklarar laksefiskaren.

No ligg laksen i frysaren, men neste veke skal han røyke den på røykeriet på Hjørundfjord camping for så å ta den med seg tilbake til Nederland.

Veteran

Det er ikkje første året Harry er på Sæbø. Han har nemleg teke turen dit kvar sommar i 38 år for å vere med på laksefisket. No snakkar han omtrent flytande norsk.

Det heile starta med at han i 1976 kjøpte ei bok om laksefiske i Noreg. Då reiste han til Ørsta, men der møtte han ein kar som sa han burde fiske på Sæbø – og sidan har han, saman med brørne og venane sine, vorte verande på Sæbø kvar sommar i snart 40 år.

– Og dei siste 15 åra har vi også kome hit i slutten av august. Då er vi ein fast gjeng som leiger ei større hytte med litt meir luksus, og så fiskar vi på sjøen. Men det handlar ikkje berre om fiske. Vi går også på turar saman, og eg synest mellom anna Rognestøyldalen er ein flott tur.

– Kvifor har Sæbø vorte staden du alltid kjem tilbake til?

– Heile miljøet, atmosfæren og naturen. Men også det sosiale. Å kome tilbake til Sæbø er som å kome heim. Folk her er så kjekke og gjestfri, både dei på campingen, men også generelt. Akkurat no er vi vel 15 hollendarar på campingen. Alle venene vi har teke med oss til Sæbø kjem igjen, år etter år.