Kontraktane har ei varigheit på 4 år og ei ramme på om lag 50 millionar kroner. Tenestene til NAV skal leverast i alle dei sju kommunane på Søre Sunnmøre. Furene har vore leverandør av liknande tenester i mange år, men ikkje i så stort omfang som no.

– Vi er ei av svært få attføringsbedrifter i landet som har vunne desse anboda. Dette er ei stor tillitserklæring til våre dyktige tilsette, og syner at ei middels stor bedrift ute i distriktet kan vinne fram i konkurranse med store nasjonale aktørar. Kontraktane gir oss moglegheiter til å vekse og utvikle bedrifta vidare ut ifrå det gode fundamentet vi allereie har. Vi ser fram til eit godt samarbeid med lokale Nav kontor og alle dei som får nytte tenestene, seier dagleg leiar Hege Karete Hamre.

Furene skal levere arbeidsretta avklaring, rehabilitering og oppfølging til personar som har behov for bistand til å få eller behalde arbeid.

Tenestene er eit tilbod til personar som har behov for meir bistand til å behalde eller kome inn i arbeidsmarknaden.