I samband med 100-årsjubileet til Hovdebygda Idrottslag vart det bestemt at vi skulle merke og rydde stien frå stadion til Dalsmogarden, eller Dalsmunnen som det heiter frå gamalt.

Dette arbeidet er no kome så langt at det går fint å bruke stien. Det er litt vått, då det er ein del myrlendt, så det er lurt å sko seg etter forholda. Stien er førebels merka med raude band, og startar like etter klubbhuset, ovanfor parkeringsplassen.

Ved Dalsmogarden finn ein også trimposten som tidlegare låg på Presteskaret. Den var lite besøkt, så no håper vi på at mange skriv namnet sitt i boka vår her!

Det er også merka rås vidare framover mot Ossetra på høgre sida av elva. Då kryssar ein elva like nedanfor hyttene, og stien går vidare oppover mot posten ved den grøne benken og evt vidare mot Dinglavatnet.

Vi håper mange har lyst til å prøve denne vegen mot Dalsmogarden og Ossetra. Vi synest det var på sin plass med ein oppgradert sti i Friluftslivets år.

I august vert denne stien ein av aktivitetane for å markere jubileet til HIL. Då håper vi å ha  fått på plass meir varig merking og kart, i samarbeid med Hovdebygda soge-og velferdslag.

Av Marianne Lund