– Det var eit ynske om at det skulle kome opp skilt på nokre av punkta rundt vatnet. Der har vore skilt tidlegare, men desse var vekke. No er 21 skilt på plass, og det kan hende at det kjem fleire, seier Jostein Bjarne Bjørdal som har laga og plassert skilta rundt Dalsvatnet.

Komande søndag vart det arrangert familiedag, og den første sjansen for mange å lære seg namna på mange av stadane rundt vatnet.

– Eg har von om skilta vert verande. Skilta har kome på plass for namna på desse stadane ikkje skal forsvinne. Namna er ikkje heilt dialektisk, men det er ein mellomting, seier Bjørdal.

Stor aktivitet

Aktiviteten rundt Dalsvatnet er stor, og ein rekreasjonsstad som vert nytta året rundt. Bjørdal har von om at namna vil feste seg med dei som tek turen, også dei utanfor Bjørdalen.

– Eg har vakse opp i Bjørdalen og lærte meg namna då eg var liten. Dei viktigaste namna er no på plass, og dette gjeld stadar ved vegen rundt Dalsvatnet. Namn på stadar som ligg litt lenger vekke frå vegen vil det kanskje verte laga pilskilt til seinare. Om dei som opplever eller ser noko rundt vatnet no vil vite stadsnamnet der det skjedde. Alle som tek turen til familiedagen vil sjå skilta søndag, seier Bjørdal.