Måndag starta rivinga av Røed-huset i Kyrkjegata i Ørsta sentrum. Rivingsarebeidet skal vere ferdig i løpet av veka.

Ørsta kommune eig Røed-huset og tomta. Eigedommen vart løyst inn i 2011 for 1,5 millionar kroner.

Planar

Dei endelege planane for bruken av tomta er ikkje ferdige, men det er ynske om at der skal kome parkeringsplassar for Svendsengarden, og truleg også ei busslomme for sørgåande trafikk.

I fjor vart det utarbeidd eit skisseprosjekt for området, og rivinga av Røed-huset opnar opp for at Svendsengarden kan få gjort meir ut av sitt uteområde.

Kommunen og fylkeskommunen samarbeider om saneringsarbeidet. Det er sett av ein halv million kroner til arbeidet.