Tidlegrøysting vert gjennomført i perioden 1. juli til og med 7. august. Røystestad er servicekontoret ved høvesvis Ørsta rådhus og Volda rådhus. Tilbodet om tidlegrøysting er for dei som ikkje har høve til å røyste på valting eller i ordinær førehandsrøystingsperiode.

Det bør avtalast tid for slik røysting, opplyser kommunane.

Ordinær førehandsrøysting startar 10. august. Førehandsrøysting ved institusjonane er 24. august ved Vartdal Helsetun, 25. august ved Hjørundfjordheimen, 26. august ved Ørstaheimen og 28. august ved Bakk-Ola-marka.

Førehandsrøysting i Norangsfjorden (tidlegare Urke skule): tysdag 8. september.Valet vert halde måndag 14. september.