Statens vegvesen varslar at dei i samsvar med plan- og bygningslova har starta arbeidet med å detaljregulere strekninga frå Osskarelva til Osborg (E39) i samarbeid med Ørsta kommune.

Hovudmålet med prosjektet er å få formelt plangrunnlag for utbetring av to busslommer på E39 vest for Osborg, og etablere sikkert gangsamband fram til desse. Planen skal omfatte ein undergang under E39.

Reguleringsplanen for «E39 Osskarelva-Osborg» er ei forlenging av den nyleg eigengodkjente reguleringsplanen for strekninga «E39 Osborg-Ose».

I «Osborg-Ose»-planen er det blant anna regulert ein gang- og sykkelveg på sjøsida av E39, og planen for «Osskarelva-Osborg» vil leggje til rette for vidareføring av denne heilt fram til Indrehovdevegen ved Osskarelva.

Innspel til planarbeidet skal sendast til Statens vegvesen Region midt, i Molde.