Møre-Nytt held fram med serien om friluftslivsåret og favorittar i nærmiljøet i Ørsta. Denne gongen er det ekteparet Inger Lid Riise og Arill Riise sin tur.

Dei har bygt seg hytte på Bondalseidet. Med hytta som utgangspunkt har dei eit eldorado å boltre seg i. Om vinteren er det skiturar, gjerne til Åmsskaret. Når det ikkje er snø, er det turar i skog og mark. Då er Dalsvatnet ein favoritt.

- Dalsvatnet, eller Bjørdalsvatnet som eg har kalla det, er ei perle. Her er det roleg og fint, fortel Inger.

Ho og Arill er ofte på hytta.

- Vi kjem inn fredagane, og då startar vi med ein tur. Vi plar seie at før vi kan nyte, må vi yte, seier Arill.

Han er TV2-anker og ho er sjukepleiar på Ålesund sjukehus. Det kan vere travle arbeidsdagar, men dei plar leggje av tid til mosjon og friluftsliv.

- Hadde det ikkje vore for Inger, ville eg ha vore femten kilo tyngre, seier Arill.

- Her må eg korrigere, vi dreg kvarandre ut, insisterer Inger.

SJÅ OGSÅ EPISODE 1: Ut på tur i Ørsta

Arill Riise og Inger Lid Riise.