Forbrukarrådet ber Møre og Romsdal fylkeskommune rydde opp i skulefoto-opplegget sitt.

– Mange foreldre fortel at dei får bilde i posten som dei ikke har bestilt, seier Roger Helde i Forbrukerrådet i Midt-Norge i ei pressemelding. I tillegg til skuleklassar, gjeld dette også idrettslag og barnehagar.

Tilbakemeldingene går dessuten på at foreldra ikkje kan bestille det eine eller dei to bilda dei ønsker, men må kjøpe ein dyr pakke.

– Men mange får altså ei rekning uten at dei har bede om noko som helst. Firmaa er ganske aggressive i iveren sin etter å få pengane. Dei spelar på at folk fryktar betalingsmerknadar, og sender saker til inkasso.

Forbukar rådet oppfordrar Møre og Romsdal fylkeskommune til å gjere som Hedmark. Der har fylkeskommunen inngått ein avtale som gjer at forbrukarane kan bestille dei bilda dei ønskjer.

Helde i Forbrukarrådet håper at også kommunane kjem etter, men har i første omgang skrive brev til fylkesrådmennene i Møre og Romsdal og Søre-Trøndelag i tillegg administrasjonssjefen i Nord-Trøndelag.

Roger Helde, regiondirektør for Midt-Noreg i Forbrukerrådet.