Det var reine gledesrusen under kommunestyremøtet i Ørsta torsdag. Minus er snudd til pluss, og kommunen har igjen økonomisk handlefridom.

– Eg er umåteleg stolt og glad for det vi har fått til i denne perioden. Vi er ikkje i mål. Det er ikkje alt som bra. Men de skal vite at vi har gjort ein jobb andre kommunar spør meg om korleis vi har fått til, sa ordførar Rune Hovde i debatten om rekneskapen og årsmeldinga til kommunen.

Rekneskapen til Ørsta kommune viser at det i fjor var eit netto driftsresultat på 19.641.452 kroner. Over seksten millionar kroner vert sett av i disposisjonsfond, og då er allereie over ti millionar kroner brukt til å dekkje opp det som stod att av tidlegare års overskot.

Stranda og Ørsta

– Dei andre kommunane har hatt det same rentenivået og dei same styringsverktøy. Men det er to kommunar som verkeleg har snudd om, og det er Stranda og Ørsta, sa ordføraren.

Han vedgjekk at partia i kommunestyret ikkje har vore samde om alle løysingar. Men det har til ei kvar tid vore eit fleirtal som har fått gjort gode vedtak, sa Hovde.

Han sende mykje ros til dei tilsette.

– Vi står fram som profesjonelle. Det var ikkje slik i 2011/2012. Då var vi i rettssak med eigne tilsette, vi snakka om at vi ikkje hadde pengar til å betale løn. For å ta steg framover, måtte vi ta nokre steg bakover. Vi klarte dette, sa Hovde.

Han takka også administrasjonen med rådmannen i spissen.

– Kommunestyret peikar ut ei retning, og administrasjonen gjer arbeidet med å nå dit. I dag har vi ein kompetent organisasjon, og det er i samspelet mellom kommunestyret og rådmannen og hennar stab det har skjedd ei god utvikling, sa Hovde.

Kontrollutvalet

Anne Stine Foldal (Sp) er leiar i kontrollutvalet. Kontrollutvalet har merka seg snuoperasjonen, og rosar Ørsta kommune.

– Alle har grunn til å kjenne seg stolte og nøgde med eit godt utført arbeid. Eg har fått med meg det gode samarbeidet som har oppstått mellom administrasjonen, dei tilsette og kommunestyret. Vi er i ein langt trivelegare situasjon enn tidlegare. Kontrollutvalet hadde ingen problem med å tilrå årsmelding og rekneskap i år. Det vi kan verte betre på er gode rutinar på investeringsbudsjettet. Eg vil gje honnør til avdelingane for god budsjettdisiplin. Berre to seksjonar har avvik. Den eine er politikk, altså vi i kommunestyret og råd og utval, og det andre er barnevernet. Eg seier ikkje at pengane ikkje har gått til gode føremål, men at vi treng betre rapportering, sa Foldal.

Rådmann Wenche Solheim var også glad for å kunne leggje fram ein rekneskap med ein solid plus, og som medverkar til at Ørsta er ute av Robek-systemet. Altså at det ikkje er ein streng statleg kontroll over drift og investeringar.

– Vi har no god oversikt over økonomien, og vi meiner at vi har god kontroll, sa rådmannen.

I debatten var det stort sett vellæte. Stina Aasen Lødemel (SV) rosa administrasjonen for godt arbeid med leiarutvikling, men sakna eit eige punkt om miljø i årsmeldinga.

Sven Castberg (H) påpeikte at omstillingsfasen så vidt hadde byrja.

– I levekårsutvalet arbeider vi spesielt med ei omstilling innan omsorg. Vi er enno for sjukeheimsorienterte, og har eit for snevert tilbod innan pleie, sa Castberg.

Tove Halse Digernes (Sp) var glad for det gode økonomiske resultatet.

– Men eg er uroa. Vi har eit bakkemannskap som så vi greier å hengje på slep. I neste fase må vi ta oss av dei tilsette, sa Halse Digernes.