Fleire i kommunestyret uttrykte torsdag uro over at fleire unge slit med den psykiske helsa i Ørsta.

Det er i den ferske rapporten om helsesituasjonen i Ørsta dette kjem fram. Generelt seier rapporten at helsesituasjonen i Ørsta er god. Men på eitt punkt er stoda urovekkjande, og det er at fleire barn og unge får avdekt psykiske helseproblem.

– Rapporten viser at vi har praktfull ungdom. Det er mindre røyking og drikking. Men innhenta data viser at vi i større grad må sjå på psykiske belastningar, særskilt blant jenter. Dette utfordrar oss. Ei gjenoppretting av helsestasjonen for ungdom i Ørsta må vere eit strakstiltak, sa Kyrre Grimstad (V).

Han peika dessutan på at det er viktig å førebyggje tidleg for å hindre psykisk sjukdom, og at auken i barnevernssaker kan ha samanheng med dette.

Tove Halse Digernes (Sp) var også uroa.

– Viss vi skal vurdere kva vi skal bruke meir pengar på, må vi bruke meir pengar på dette. Viss vi går tidleg inn vil vi spare samfunnet for store ressursar seinare. Dette er ei av dei store sakene i kom ande kommunestyreperiode. Det er overforbruk i barnevern. Vi veit kvar vi må inn med fleire ressursar, sa Halse Digernes.