– Det er fint å sjå bilda på veggen. Det gir eit anna inntrykk. Sjå berre på kontrasten mellom blåfargen og tømmerveggen her, seier Robert Steinnes.

Tysdag var han på Bjørke for å prøvehenge eit par av bilda han skal stille ut frå og med sesongopninga i helga.

– Alle bilda er heilt nye. Eg har fått mykje inspirasjon dei siste vekene. Eg har i grunnen kome tilbake til målinga no, etter å ha gjort ein del anna, fortel kunstnaren. Han har særleg gjort seg merka med paddeskulpturen i Austefjorden.

Menneske og musikk

– Eg er veldig glad for at ein så profilert og dyktig kunstnar som Robert vil stille ut i Bakketunet, og gler meg til vi kan vise fram måleri for publikum, seier Marita Bett Aakre, drivar av Bakketunet.

Måleria til Steinnes blir stilt ut i Bakketunet heile sommaren.

– Eg målar helst menneske, men eg er meir oppteken av å få fram eit uttrykk eller ei rørsle, enn at det skal likne mest mogleg på den eg målar. I tillegg har eg ein fascinasjon for korleis musikarar nesten dansar med instrumenta sine, særleg dei som spelar til dømes kontrabass eller fele. Eg finn mange slike motiva når eg er på konsertar, seier Steinnes.

Treskjerar stiller ut

I opningshelga blir det også utstilling av arbeidet til treskjerarmeister Rolf Taraldset frå Hornindal.

– Eg arbeider med ein kopi av ein portal som stod i Ulvik Stavkyrkje. Kyrkja vart riven på 1700-talet, men delar av den originale portalen er bevart. Det er likevel mykje som manglar på denne, så eg må rekonstruere mykje av portalen. Det er utfordrande arbeid, seier Taraldset.

Portalen er mellom verka som blir stilt ut i Bakketunet i helga.

Robert Steinnes er frå Ørsta, men bur i Volda. Dermed er alle tre kommunane rundt Bakketunet representerte i opninghelga: Ørsta, Volda og Hornindal.

Treskjerarutstillinga blir berre å sjå på Bjørke denne helga. Framover sommaren er det planlagt fleire arrangement og utstillinga, i tillegg til hovudutstillinga til Robert Steinnes.

Trio: Marita Bett Aakre har med seg to utstillarar i opningshelga i Bakketunet: Treskjerarmeister Rolf Taraldset (t.v.) og bildekunstnar Robert Steinnes.
Portal: Utsnitt kyrkjeportalen frå Ulvik, som Rolf Taraldset stiller ut på Bjørke i helga. foto: privat