– Det er svært mange som set ut reklame retta mot vegtrafikken. Det kan distrahere bilistar og andre trafikantar, og føre til farlege situasjonar i trafikken, seier Lisbeth Smørholm, leiar for plan- og trafikkseksjonen i Statens vegvesen i Møre og Romsdal.

Vegvesenet set no særleg fokus på ulovleg reklame langs riks- og fylkesvegane i fylket. Dei kan fjerne ulovleg oppsett reklame utan varsel.

Reklame langs vegen er trafikkfarleg dersom den hindrar sikta, til dømes i kryss eller ved gangfelt. Den kan også skape trafikkfarlege situasjonar ved å ta merksemda vekk frå vegen og trafikken. På fortau og gangvegar kan reklame vere til hinder for fri fersel, særleg for syns- og rørslehemma.

– Reklame omfattar meir enn skilt og plakatar, til dømes vimplar, flagg, banner, ballongar, figurar, installasjonar, symbol og lys, opplyser vegvesenet i ei pressemelding.

Det er ikkje lovleg å sette opp reklame på eigedommen ein offentleg veg utan løyve. Forbudet gjeld mellom anna på vegbane, vegskråningar, grøfter, fortau, gang- og sykkelvegar, rabattar, rasteplassar, gangbruer, skiltutstyr og ulike veginstallasjonar.

Dersom ein ønskjer å sette opp reklame som rettar seg mot eller er synleg for trafikantane på vegen, må ein søke om løyve. Det gjelder uavhengig av avstanden til vegen, byggegrenser og kven som er grunneigar.