Det er fylkesmannen som tildeler midlane etter søknad frå kommunane. Pengane er løyvde i ein særskild post på statsbudsjettet.

Vilkåret for å verte tildelt slik støtte er at arbeidet skal vere retta mot å redusere talet på unge som vert rekruttert inn i rusmiljøa ved tidleg intervensjon.

Tilskotet til Ørsta kommune er eigentleg på 610.000 kroner, men det vert trekt ifrå 160.000 kroner som er unytta midlar frå tidlegare år.

Pengane kan ikkje brukast til anna føremål enn det er søkt om, og dersom midlane ikkje vert brukt etter føresetnadene, vert dei trekt attende.

Midlane skal dekkje utgiftene til eitt årsverk i arbeidet med rusomsorg blant unge.