– Folk er mykje meir på nett enn tidlegare, og behovet for bandbreidde veks raskt. Trafikken frå strøymetenester som Netflix og HBO er no ein stor del av trafikken på internett. Mange husstandar har 10–20 einingar som er kopla til internett til ei kvar tid, og for stadig fleire dekkjer ikkje vanleg breiband og mobilt breiband behovet for høghastigheits-internettilgang, seier Ivar Driveklepp, adm. direktør i Tussa IKT i ei pressemelding.

90 fiberfelt er allereie utbygt på Søre Sunnmøre. I desse dagar er legginga av fiber i 13 nye felt i Ørsta og Volda i gang.

I Ørsta er det no starta sal i desse felta: Vinjevoll, Grepalida, Prestebrauta/Bakkevegen, Vallabøen vest/Petterbakkane, nedre Vallabøen, Engeset, Ose og Osmarka. Vikebøen er allereie under utbygging.

I Volda er salet i gang i desse felta: Porse/Skjerva, Røysbakken/Røysmarka, Røyslida/Røysmyra, Myrane/Sollida og Nedre Bratteberg. Gamlevegen-Frøholm og Vikebygda er allereie under utbygging.

Fiberutbygginga gjer at det blir mogleg å bestille breiband-hastigheiter på opp til 200 megabit i sekundet.