Ørsta kommune har fått pålegg frå Arbeidstilsynet om å byggje garderobar til brannmannskapa knytt til Ørsta brannstasjon. Garderobane må vere på plass innan 1. september i år.

Dette pålegget, og fleire andre, er eit resultat av eit tilsyn Arbeidstilsynet hadde av Ørsta brann og redning tidlegare i år. Då vart det avdekt fleire manglar.

Noko av det mest graverande var mangelen på garderobar for brannmannskapa. Dette vert sett på som alvorleg fordi brannmannskap under oppdrag kan verte eksponerte for farleg støv og kjemikaliar. Då er det avgjerande at dei har gode garderobar der dei kan få dusja etter enda oppdrag, og der det arbeidstøy og private klede ikkje vert blanda.

Brukte uniformer ved sida av reine

– Under tilsynet kom det fram at arbeidstakarane ikkje har tilgang til tilfredsstillande garderobar med dusj og skilje mellom rein og urein sone. Brannstasjonen har ikkje eiga garderobe. Arbeidsklede og uniformer vert hengt opp på ein vegg inne i vognhallen. Brukte uniformer vert hengt opp ved sida av reine uniformer. Private klede vert hengt opp på same staden. Det er veldig trongt, og liten plass til kvar arbeidstakar som skal skifte. Det er heller ikkje lagt til rette for reingjering av uniformer som kan vere forureina etter bruk, kommenterer Arbeidstilsynet.

Arbeidstilsynet gjev kommunen ein frist til 1. september i år med å gjennomføre tiltaket.

Fleire pålegg

Men dette er altså ikkje det einaste pålegget som Ørsta Brann og redning får.

Innan 1. september må det gjennomførast ventilasjonstekniske tiltak på brannstasjonen. Under tilsynet vart det avdekt mangelfull allmennventilasjon i brannstasjonen. Arbeidstilsynet presiserer at påleggsfristen omfattar gjennomførte ventilasjonstiltak – og ikkje planar for ventilasjon.

Innan 1. juni må Ørsta Brann og redning dessutan ha kartlagt kva kjemisk helsefare brannmannskapa er utsette for og registerføre arbeidstakarar som kan verte eksponerte for kreftframkallande og arvestoffskadelege kjemikaliar.

Kan klage

Ørsta kommune kan klage på pålegga frå Arbeidstilsynet, og klagefristen er på tre veker.

Ørsta kommunestyre vedtok på budsjettmøtet i desember at brannstasjonen i Ørsta skal oppgraderast.