– Om det ikkje kjem pengar på budsjettet for neste år, veit eg ikkje mi arme råd, seier Janne M.G. Skarstein, kulturhus- og kinosjef i Ørsta kommune.

Det er særleg kinosalen på kulturhuset det står dårleg til med. Dei gamle stolane knekkjer saman, og fleire må reparerast kvar veke. I tillegg går trekket i oppløysing.

– Til no har vi klart reparere etter kvart, og det har ikkje gått ut over tilbodet til publikum. Men snart klarer vi ikkje det lenger, og då må vi redusere kapasiteten i salen, seier Skarstein.

Konsekvensar

Det kan få alvorlege konsekvensar for kulturhuset.

– Dei 316 plassane vi har i dag, er ikkje meir enn akkurat nok til å dei store namna til Ørsta. Dei vil eigentleg ha fleire plassar, og det er ofte harde forhandlingar. Vi har også mange som brukar salen til konferansar, møter, seminar osb. Då er det ofte behov for minimum 300 plassar om alle skal få plass. Om vi ikkje får betra situasjonen, får vi i verste fall ikkje arrangert store konsertar og arrangement i salen, seier Skarstein.

– Dette er endå meir utfordrande etter at vi har fått kulturhus med større kapasitet i både Ulsteinvik og Fosnavåg, legg ho til.

Riksteatret er ein av institusjonane kulturhussjefen forhandlar med.

– I dag kjem dei hit, og ikkje til Fosnavåg eller Ulsteinvik. Men det er ingen garanti for at dei vil halde fram med det.

Festsalen

Også festsalen treng oppgradering. Dei gamle Fora Form-stolane og borda er utslitne.

– Vi har hatt tilfelle der borda kollapsa og velta medan folk har sete ved dei. Desse har vi fjerna, men det har ført til at vi har færre bord enn bør ha, seier Skarstein.

Ho er fullt klar over at mange andre kommunale bygningar i Ørsta også treng pengar, men meiner det er grunn til å prioritere kulturhuset.

– Dette huset blir flittig brukt av alle typar folk i kommunen, gamle som unge. Vi har konsertar, teater, næringslivskonferanse, skuleoppsetjingar og mykje meir, og eg opplever at ørstingane set pris på tilbodet. Kulturhuset er absolutt verdt å prioritere.

I første omgang vil kulturhussjefen byte ut golv, stolar og bord i begge salane.

– Huset treng eigentleg ei total rehabilitering, men vi får starte med det mest prekære. Ørsta kulturhus er eit godt og funksjonelt hus som vi verkeleg må sjå verdien i å ruste opp til dagens standard. Dei som planla dette huset i si tid har gjort ein god jobb med tanke på kor bra særleg teater- og kinosalen vår er. Det må vi ta vare på.

Ein drope i havet

I økonomiplanen er det lagt opp til at kulturhuset skal få seks millionar kroner til utbetringar over dei neste tre åra. Men desse pengane er ikkje sikra før dei er vedtekne i budsjettet.

– For kommunen er dette ein drope i havet, men vi kan få til mykje for desse pengane. Eg håper berre politikarane forstår at situasjonen er heilt håplaus om vi ikkje får pengar på neste års budsjett, seier Skarstein.

Om pengane kjem på plass, ser kulturhussjefen føre seg at møblane og golvet blir bestilt raskt, og at dei kan vere på plass i løpet av sommaren 2016.

Øydelagd: Stolane i kinosalen kollapsar ein etter ein, og no maktar snart ikkje kulturhuset å reparere dei meir.
Går i oppløysing: Trekket på stolane i kinosalen går i oppløysing. Nye stolar kan vere på plass sommaren 2016, om politikarane løyver pengar på budsjettet.