Fabrikklokala til Sandvik Møbler på Håvoll er til sals. Den tradisjonsrike møbelverksemda melde oppbod i august i fjor.

Lokala har ei prisantydning på 10 millionar kroner, og er til sals gjennom Eiendomsmegler1. Anlegget inneheld produksjonsbygg, kontorfløy, kaldtlager, ferdigvarelager og kai med lager.

Areal på eigedomen er på til saman 15.600 kvadratmeter.  Det var Sunnmørsposten som melde om saka først.