– Når det er vinter og kaldt i Noreg, er det vanskelegare å halde flya i drift. Når noko går gale, blir gjerne følgjene større enn elles i året. I år har vi hatt ein hard vinter, og det har hatt sitt å seie for trafikken, seier lufthamnsjef Sverre Bae.

Samanlikna med dei same månadane i fjor, var nedgangen på 11,8 prosent. Kortbanenettet totalt hadde også ein kraftig nedgang desse månadane, på 12,2 prosent.

Vintervêret skaper problem av fleire årsaker. Dårleg sikt og vanskelege vindtilhøve gjer at fly ikkje klarer å lande på flyplassar som Hovden. Snøen skaper problem med vedlikehaldet av flya, og av-ising fører til forseinkingar.

– No går det mot vår, og i mars var vinterproblema borte. Då hadde vi ein oppgang på 4,6 prosent. For å få ein idé om kor fulle flya er, er det lurt å sjå på kor full parkeringsplassen utanfor er. No har det vore fullt i heile april, så det tyder på at vi får nok ein knallmånad, seier Bae.

Hovden er no den nest største kortbanelufthamna i Noreg, også når vi reknar med helikoptertrafikk til Nordsjøen, som nokre lufthamner har. Berre Florø lufthamn er større.

– Eg har jobba her i over 30 år, og dette er første gong eksistensen til flyplassen ikkje er truga. Det har vore utgreiing etter utgreiing, men vi er ikkje med i Avinor si siste kartlegging, seier operativ leiar Steinar Vatne i tårnet på Hovden.