– Det tekniske utstyret var så utdatert at teknikarane på Vigra ikkje ville vedlikehalde det lenger, så det var heilt klart behov for ei oppgradering, seier lufthamnsjef Sverre Bae på Ørsta-Volda lufthamn, Hovden.

Den opphavlege planen var å byggje nytt tårn ved lufthamna. Det vart ikkje noko av då Avinor bestemte seg for å gå over til automatiserte tårn på lang sikt.

– Då var den nest beste løysinga å pusse opp det gamle tårnet for 6,5 millionar kroner. Alt er nytt, både innreiinga og det tekniske utstyret.

– Det ein merkar mest, er nok kor mykje stillare det er. Vi har fått inn nye, og lydisolerte vindauge, seier Steinar Vatne, operativ leiar i tårnet.

Den største kostnaden i oppgraderinga, er det tekniske utstyret. Berre kommunikasjonssentralen, som handterer kommunikasjon med mellom anna flya, kosta éin million kroner.

Les meir om det nye tårnet i Møre-Nytt laurdag og sjå bilde i karusellen over.