Det er NRK Møre og Romsdal som melder dette.

– Eg er litt overraska over at eg vart føreslått, men eg synest sjølvsagt det er hyggeleg at andre vurderer det som ei moglegheit, seier Iversen til NRK.

Han meiner at han som lokalpolitikar og ordførar i ei mellomstor norsk kommune kjem borti mange aktuelle ting, og at mykje av det har overføringsverdi inn i den nasjonale poltiikken.

– Eg trur eg kan bidra med viktige innspel i sentralstyret, seier han. LES OGSÅ: Ørsta+Volda=Sant

Steinar Reiten, leiar av fylkestingsgruppa til KrF, seier dei vil kjempe for å få Iversen inn i sentralstyret.

Det er landsmøtet i parti som vel medlemmene i sentralstyret.