– Det vil vere dramatisk for Norangsfjorden om pelsdyrhald vert forbode. Dette er ei viktig næring for Ørsta, og Norangsfjorden er tyngdepunktet for pelsdyr i Møre og Romsdal. Det er viktig for jordbruket og det er viktig for sysselsettinga, seier Ola Perry Saure (Sp).

Ørsta formannskap handsama ei høyringsfråsegn tysdag. Der skulle dei ta stilling til om dei ønskjer ei berekraftig utvikling av næringa på landsbasis, eller ei styrt avvikling. Formannskapet var klar i talen. Dei går samrøystes inn for ei vidare satsing.

– Eg kjenner ikkje alle pelsdyroppdrettarar i verda, men om ikkje vi som rik nasjon skal kunne ha ei berekraftig næring, kven skal klare det då? Det handlar også om å ha levande bygder, noko som igjen er viktig for turisme og reiseliv, sa Paul Kristian Hovden (KrF).

– Eit samla Ørsta Venstre står  bak dette. Dei seier ikkje det same frå sentralt hald, men i denne saka er det ikkje Karl Johan-Venstre som skal seie kva vi meiner, sa Gunnar Knutsen.