Dette er det fremste investeringsprosjektet som rådmannen tilrår vert prioritert når Ørsta kommune no skal kome med innspel til fylkeskommunen sine prioriteringar på samferdsleområdet.

Kommunestyret har tidlegare gjort prinsippvedtak om at ein ønskjer stamvegen ut av Ørsta sentrum. I vegstellet sitt framlegg til framtidig løysing i konseptvalutgreiinga er tunnel under Raudøya eller bru over Ørstafjorden mellom Sørheim og Lianeset alternative løysingar.

I samråd med Statens vegvesen er desse innarbeidde som alternative kryssingsløysingar i kommunedelplan for Ørsta sentrum og Hovdebygda.

– Dette er ein avgjerande føresetnad for planlagt tettstadsutviklingsprosjekt som kan opne for nye utviklingsmoglegheiter i sentrum då den no gjeldande sjølina er føresett teken ut av planen. Dette er i utgangspunktet eit statleg ansvar, men status for vegen kan vere avhengig av kva løysing som vert valt i samband med utgreiingsarbeidet med Hafast, seier rådmannen.

Vegvesenet har i møte med kommunen opplyst om at slik avklaring vil liggje føre i løpet av eit par år.

Samanheng

– Det har vore føresett frå kommunen tidlegare at Voldatunellen og Ørstafjordkryssing må sjåast i samanheng. Eit arbeid med lokal vegpakke kan også vere eit aktuelt verkemiddel knytt til desse prosjekta, vurderer rådmannen.

Rådmannen ser elles ikkje at det har kome til mange nye vesentlege moment eller prosjekt som tilseier store endringar i prioriteringa til fylket frå 2012.

– Arbeidet med trafikktryggingsplanen har så langt ikkje vore mogleg å prioritere slik det har vore føresett. Det ligg såleis ikkje føre ei oppdatert kommunal prioritering i høve trafikktrygging som tema.

Av andre tiltak rådmannen vil prioritere er lenging av Torvmyrvegen, nytt flyplasskryss (E39/Fv 50), omlegging av kryss mellom E39 og Industrivegen, utbetre strekninga Liadal-Lianeset (E39), byggje nytt fortau over Osbrua (E39) og rekkeverk på eksisterande bru. Også ombygging av Fv 655 frå Brungot til Aamaas (ny Høgebru) er mellom tiltaka som er ønskjeleg. I tillegg kjem mange andre. Formannskapet skal ha saka tysdag.