Stortingsrepresentant Fredric Holen Bjørdal (Ap) er overraska og skuffa over framlegget til politireform som Høgre, Frp og Venstre har lagt fram.

-Våre forventingar har vore store. Med denne reforma skulle vi møte framtida, basert på politianalysen og rapporten frå 22.juli-kommisjonen (Gjørv-kommisjonen). Då vert det ganske overraskande at dokumentet berre står fram som ei oppsummering av det som er ålment aksepterte meiningar utan naudsynte tiltak, seier Bjørdal.

Sentralisering

Stortingsrepresentanten seier rett ut at det einaste nye med regjeringspartia og Venstre si politireform er inndelinga av politidistrikt. –Arbeidarpartiet er ikkje avvisande til ein ny modell for distrikta, og eg er glad for at Møre og Romsdal vert eit eige politidistrikt. Men vi synest nokre av dei politidistrikta som har blitt føreslegne er underlege, seier Bjørdal, og held fram:

- Det vert rart når nye politidistrikt blir føreslegne, utan at det blir klargjort kva for kriterier som er lagt til grunn for dei nye politidistrikta. Det er ikkje mogleg å sjå at resultatet av denne reforma skal gje meir politikraft lokalt, og det er vanskeleg å forstå at politireforma vil gje meir nærpoliti, seier Bjørdal, og meiner dette kan bli dramatisk for distrikts-Noreg.

Fem krav

Bjørdal har fem krav til den nye politireforma:

Fylkesmodell på Vetslandet. Han står saman med dei andre Ap-representantane frå Vestlandet og går for fylkesmodellen her: -Vi meiner framlegget om å redusere frå dagens modell med 27 politidistrikt til 12 er ei altfor kraftig sentralisering. Vi går difor inn for ein fylkesmodell her på Vestlandet, og vil jobbe for å få oppslutnad for dette i stortingsgruppa og på landsmøtet.

Nærpoliti, ikkje fjernpoliti. Vi må bevare fleire lennsmannskontor, og ha eit gjenkjenneleg og synleg politi, der viktige, operative aktivitetar må knyttast til politidistrikta. Det vert til dømes ikkje akseptert å flytte sokkelansvaret frå Kristiansund.

Makt til distrikta. Politireforma legg opp til ei massiv flytting av makt frå enkelte distrikt, til fordel for operative einingar sentralt i direktoratet. Vi trur dette vil vekse ut av kontroll, på kostnad av politidistrikta.

Politiråd og førebygging. Vi vil styrkje det som i dag er eit formalisert samarbeid mellom lokalt politi og kommunane, og gje politiråda meir makt og mynde. Vi vil oppretthalde lokal kompetanse og ressursar til etterforsking av og førebygging mot vald i nære relasjonar, arbeidslivskriminalitet og økonomisk kriminalitet.

Krav til politileiing. Kritikken til stortingsrepresentanten går vidare på at reforma ikkje går tilstrekkeleg inn i den store utfordringa i politiet – kultur og leiing. –Det var dette hovudkritikken til Gjørv-kommisjonen gjekk på. Då er det overraskande at politireforma ikkje drøfter korleis politiet skal leiast og korleis ein ny kultur skal byggjast og handterast, seier Bjørdal.

Best mogleg politi

Bjørdal har håp om at handsaminga av politireforma i Stortinget kan føre til eit betre politi. Eit politi som er i stand til å møte morgondagens utfordringar.

-Vi ønskjer ei best mogleg politireform. Som kan stå seg, og som det er brei politisk oppslutnad kring. Difor vurderer vi å samarbeide med regjeringa og Venstre slik at reforma gjev oss eit best mogleg politi i Noreg, avsluttar Fredric Holen Bjørdal