Standal knuseverk ynskjer samarbeid med Ørsta kommune m.a. for å takle vanskar store nedbørsmengder skaper.

Det gjer Standal knuseverk klart i eit skriv til Ørsta kommune.

Dagleg leiar Asgeir Standal fortel at knuseverket har eit problem med naturlege avrenningar av vatn som samlar seg i produksjonsområdet Holen. I periodar med mykje nedbør er det vanskar med å få utnytta området fornuftig med tilbakestilling til jordbruksføremål m.a., slik reguleringsplanen seier.

– For at Ørsta kommune skal forstå utfordringane til Standal knuseverk AS er det ynskjeleg at kommunen i samarbeid med bedrifta kan ta ei synfaring i ein nedbørsperiode. Vi kan i fellesskap kome fram til ein måte å løyse dette problemet på, seier Standal.

Standal knuseverk si drifta er mellom anna heimla i reguleringsplanen, og av denne går det fram at tilbakestilling nord i området Flåtene skal skje samstundes med at røyrgata til kraftverket vert lagt. Anna tilbakestilling startar etter at knusaren er flytta til Holen.

Standal knuseverk melder at dette knuseverket truleg ikkje vert flytta til Holen, men vert rigga ned/skrota/selt til opphøggeri i løpet av neste driftsplanperiode.

– Årsaka er at det gamle driftsutstyret er utslite og umoderne, og klart for total utskifting. Eit nytt tilsvarande anlegg kostar åtte til tolv millionar kroner, og økonomien i Standal knuseverk AS tillèt ikkje dette. Det vert seinare vurdert å leige inn eit mobilt knuseverk til produksjon av steinmateriale i Holen. Forhåpentlegvis kan knuseverket enno ei tid medverke i produksjonen utan at vi får dei store vedlikehaldskostnadene, orienterer Standal.

Han understrekar at knuseverket ynskjer å ha eit godt forhold til kommunen.

– Med det føremålet at sluttproduktet vårt skal verte til det beste for alle involverte partar. For å få til dette må vi spele på lag både når det gjeld dei økonomiske og praktiske utfordringane vi får, oppmodar Standal.