Klokka 21.10 måndag kveld fekk politiet melding om at ein skiløpar ikkje hadde kome tilbake frå ein skitur i området Hellesylt/Nibbedalen. Turen starta rundt klokka 10 same dag. Den sakna var ein mann i slutten av 40-åra frå Sunnmøre. Politiet varsla Hovudredningssentralen og Alpin redningsgruppe vart også kalla ut. I tillegg vart mannskap frå Norske Redningshunder kalla ut saman med mannskap frå Stranda Røde Kors og ein politihundførar.

Det vart sett i verk søk. Terrenget var krevjande og det var skiftande siktforhold grunna skyer og tåke. Rundt klokka tre i natt vart Volda Ørsta Røde Kors Skredgruppe kalla ut på leiteaksjonen. Eit mannskap på tolv stilte på kort varsel og rykka ut til Nordangsdalen/ Hellesylt. Kort tid etter at skredgruppa kom fram vart den sakna observert av Sea King helikopteret og etter kvart heist opp og flogen ned.

Mannen var i fin form og kunne reise heim att til familien sin. På veg ned frå Kvitegga hadde han kome fram til at det var best å vente på dagslys før ferda heldt fram grunna at det var mørkt, bratt og at det hadde kome snø.

Sunnmøre Alpine Redningsgruppe og Stranda Røde Kors Hjelpekorps var kalla ut tidlegare på natta. 3 mann frå SAR var komen godt på veg opp mot den sakna då han vart henta ut.