Firmaet Lekeplasskontrollen spør Ørsta kommune om korleis dei henta inn tilbod då dei hyra inn eit firma til å kontrollere alle leikeplassane i kommunen i 2013. Lekeplasskontrollen, som har tilhald i Gvarv, seier at dei er landets leiande tilbydar av slike tenester, og at dei har interesse av å vite kvifor dei ikkje var kjent med tilbodet.

Følgde ikkje regelverket

Seksjonsleiar Irene Graskopf svarar at det vart gjort avtale i 2013 med Lekeplassinspektøren AS.

– Vi kan ikkje sjå at fleire leverandørar er kontakta for å gje tilbod på leveransen. Vi beklagar at kjøpet av leikeplasskontrollen ikkje er utført i samsvar med lov om offentleg innkjøp. Ved framtidig innkjøp på området vil vi halde oss til regelverket og ta kontakt med tre eller fleire aktuelle leverandørar, lovar ho i eit brev til Lekeplasskontrollen.