Mannen, som er tidlegare dømt, forklarte i retten at han opplevde å verte dømt for same sak to gonger. I perioden desember 2010 til oktober 2011 tok han imot dagpengar på 148.081 kroner frå NAV. Mannen forklarte at han i den perioden arbeida for arbeidsgivaren sin og fekk dagpengar. Han hadde det økonomisk vanskeleg og det var grunnen til heldt fram med å levere uriktige meldekort. Mannen erkjente straffeskyld.

Retten meiner at mannen utvilsamt har vore klar over kva han gjorde og har difor handla med forsett. Bedrageriet ser retten på som grovt. Det vert og påpeika at mannen har ved sin handlemåte utvist eit klart og fast forbrytersk forsett over lang tid. I formildande retning legg retten vekt på tilståinga til mannen.

Mannen vart dømd i 2013, men dei straffbare handlingane han no var sikta for var gjort før den dommen.

I Søre Sunnmøre tingrett vart mannen dømd til fengsel i 45 dagar. Han vart vidare dømd til å betale erstatning på 8.300 kroner til NAV.