– Eg går så lenge stavane rekk ned i bakken, ropte Hjelmeset til støtteapparatet då isen samla seg som eit fjell under skia hans under OL-stafetten i Vancouver i 2010.

Hjelmeset tapte 26 sekund på 1600 meter på grunn av det dårlege skivalet.

Torsdag er folk frå bedrifter over heile Sunnmøre samla til Næringslivskonferansen Søre Sunnmøre i Ørsta kulturhus.  Hjelmeset er ein av føredragshaldarane under årets konferanse, som har "mot og motivasjon" som gjennomgangstema.

Han hadde fleire mantra til næringslivsfolka i salen, og eitt av dei var å halde fokus:

– Eg vann VM-gull på femmila i 2007, men hugsar ingenting frå rennet. Eg var berre fokusert på neste stavtak, heile tida.

Han presenterte eit døme frå ei verksemd der dei hadde innført ei rutine med at dei jobba med fullt fokus i 40 minutt per time, for så å ta pause i 20 minutt.

– Avdelinga som gjorde dette, leverte dobbelt så gode resultat som dei som ikkje gjorde det.

Hjelmeset drog også fram: Trivsel, det å vere ærleg med seg sjølv, konkurransevilje og vinnarvilje som suksessfaktorane sine.

Møre-Nytt kjem tilbake med meir frå Næringskonferansen.