Vi kan føle smilet hans gjennom telefonen, ikkje så rart: kven vert vel ikkje glad av å få ein telefon ein vanleg, kjølig tysdagskveld i mars om at, ja, no farr, kan du vente på at kontoen din veks med 1,8 millionar kroner. Ein fin forsmak på påskeferien.

Ove Røv frå Hovdebygda har altså hatt lotteri-hell så det kjennest. Og han vart naturleg nok jublande glad.

Las

Ove sat heime og las til eksamen då telefonen byrja å ringe tysdag kveld. At det var Extra-trekning på fjernsynet, tenkte ikkje Ove over.

– Det ringde og ringde, eg trudde det var ein seljar, så eg tok ikkje telefonen før han hadde ringt sju gonger, for då hadde det ringt så lenge frå same nummer at eg tenkte det kanskje var noko alvorleg, fortel Ove smilande.

Det var alt anna enn ein telefonseljar han hadde på tråden frå Norsk Tipping på Hamar.

– Eg møtte verdas kjekkaste dame som fortalde at eg hadde vunne. Det var fjernt frå tankane mine. Ove vart trekt ut til å vere Extra-kandidaten, og tok ein pause i oppgåveskriving og eksamenslesing for å vere med på TV-sendinga. Ove jobbar til dagleg med einslege mindreårige flyktningar, han er med på å skrive ei bok om Ålesund-okkupasjonen, han likar å syngje og spele revy, drive med styrketrening – og attpåtil tek han ein master. Og så slengjer han fast inn ein bunke kupongar som gir han vinnarsjansar. Og av og til hender det ein berre drøymer om.

Sikra

Lokalpolitikaren var sikra 400.000 kroner frå starten, men kunne rykkje opp til 2 millionar dersom tre av dei seks trekte tala fanst på spelebrettet hans. Det var høg puls i Ove si stove. Ville han vinne meir?

To av tala som vart trekte ut – 75 og 44 – var på Ove sitt brett. Det betyr at 1,8 millionar kroner trillar inn på Ove sin konto i løpet av dei næraste dagane.

– Eg og kona feira gevinsten med ein konjakk, men eg tek ikkje av, og er like nøktern som før. Og livet mitt vert ikkje endra. Eg kjem ikkje til å byte ut den gamle, gode bilen min. Men i staden for å køyre bil på ferie til Oslo, kjem vi til å ta fly, fortel Ove glad og nøgd.

– Og så høyrer vi rykte om nytt bad?

– Ja, eg sa til kona på telefonen at du no snakkar med ein millionær, så badet er sikra.