Høgskulen i Volda får halde fram som ein sjølvstendig insititusjon. Det går fram av stortingsmeldinga om strukturen i høgare utdanning som kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) la fram onsdag.

Men situasjonen for Høgskulen i Volda er likevel ikkje avklara. Høgskulen er plassert i ein kategori der det heiter at framtidig plass vert avgjort etter  kvalitetskriterium.

– Vi ser på kor mange tilsette som har doktorgrad, kor mange studentar som søkjer og gjennomfører høgare utdanning, og kor mykje tid studentane brukar på studia. I tillegg vurderer vi kor mykje forsking som blir publiser,  og kor mye eksterne forskingsinntekter institusjonane får, seier Røe Isaksen.

Disse kriteria vil verte lagt til grunn når det skal verte vurdert om flere institusjonar bør slåast saman.

Det er klart at høgskulane i Molde og Sogndal kjem i same kategori som Høgskulen i Volda, medan Høgskulen i Ålesund vert slått samanmed NTNU i Trondheim.

– Vi tolkar dette slik at her er alle mulegheiter opne, frå at vi vert ståande som ei sjølvstendig eining, og til at vi vert innlemma i ein fusjonsprosess, seier rektor Per Halse ved Høgskulen i Volda til Møre-Nytt.