Prisen vart utdelt under Arbeidsmiljøkonferansen i Molde onsdag av regiondirektør i KS, Gunnar Bendixen. Arbeidsmiljøkonferansen er arrangert i regi av KS, Fagforbundet og Utdanningsforbundet i Møre og Romsdal.

Prisen vert utdelt som ei oppmuntring til ein kommune/fylkeskommune, offentleg eigd institusjon, arbeidsplass eller enkeltperson som har utmerka seg med å leggje til rette for eit godt arbeidsmiljø.

- Hjørundfjordheimen har fått prisen mellom anna fordi at dei tilsette på Hjørundfjordheimen dagleg praktiserar kommunen sine verdiar som er: Tillit gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd. Energi gjennom entusiasme, inkludering, humor og glede. Løysingsvilje gjennom lagånd, tydelege mål og meinigsfylte oppgåver. Og ikkje minst utvikling gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap, heiter det i ei pressemelding frå Ørsta kommune.

- Dette har vore med på å gi dei det gode arbeidsmiljøet dei har, og med det auka kvalitet på tenestene dei tilbyr brukarane. I tillegg til den daglege innsatsen i frå kvar einskild tilsett, har ein på kommunenivå arbeidd intenst og målretta dei siste par åra for å få på plass gode system, strukturar og rutinar. Dette har igjen kome einingane til gode. Så prisen er både ein pris til Hjørundfjordheimen som eining og til Ørsta kommune som organisasjon.

Hjørundfjordheimen har over tid lagt stor vekt på trivsel, og at alle tek del.

- Tydeleg leiing som viser veg og som samstundes gjev personalet fridom under ansvar, gjer at dei tilsette veks som arbeidstakarar. Medarbeidarane har eit eigarforhold til arbeidet sitt, som gjer at dei strekkjer seg litt ekstra. Idear og innspel vert ikkje stoppa, dei tilsette får høve til å prøve det ut. Dei viser stor grad av løysingsvilje, det er kultur for å sjå moglegheiter i staden for avgrensingar. Å vere ein del av ein større samanheng der det er bruk for ein og ein ser resultata av eigen innsats gir meining. Dette er helsefremjande tiltak som har synt resultat.

Prisvinnaren var vurdert ut frå fleire kriterium.

Tilstades i Molde for å motta prisen var: Marie Helen Follestad- einingsleiar Hjørundfjordheimen, Bente Riise Stokke -plassverneombod, Jill Skar Hovde- plasstillitsvald Norsk sjukepleiarforbund, Unni Strandmann- plasstillitsvald Fagforbundet, Inger B. Liadal- seksjonsleiar Omsorg og rehabilitering, Petra Karin Krøvel- Fagforbundet Ørsta, Orlaug B. Kårstad – hovudverneombod, Hilde Flotve Mo- rådgjevar personal og Idun Lee Hofset- stabsleiar personal.