Det melder eigarselskapet, Scana Industrier ASA, i ei børsmelding onsdag.

Sjølv om eigarane er dei same, er ikkje Scana Steel Stavanger direkte knytt til Scana Propulsion AS, som Scana Volda er ein del av.

Scana Steel Stavanger har teke store tap over ein lengre periode, og har gjennomført store omveltingar og reduksjonar i arbeidsstokken, heiter det i børsmeldinga. Det er også gjort forsøk på å finne nye eigarar til selskapet, utan suksess.

Konkursen får konsekvensar for 115 tilsette ved stålverket på Jørpeland ved Stavanger.

Eigarselskapet har vurdert om det er mogleg å avvikle selskapet utan å slå det konkurs, men den finansielle situasjonen i selskapet gjer dette umogleg, skriv Scana Industrier.

– Scana Industrier er ber oppriktig om orsaking for dei negative konsekvensane konkursen har for forretningpartnarane til selskapet og for lokalsamfunnet, skriv dei i børsmeldinga.

Scana Industrier-konsernet har hatt økonomiske utfordringar dei siste åra, og dette gjeld også Scana Volda.

Les heile børsmeldinga her