Flytting av ferjekaia på sambandet Volda-Lauvstad frå Volda til Mork/Eikrem skal nok ein  gong handsamast av fylkespolitikarane. Etter den førre handsaminga, der Samferdsleutvalet konkluderte med at dei ønskjer flytting, har det nemleg kome fram at svært omfattande underskriftslister ikkje er lagde fram for samferdsleutvalet i behandlinga av saka.

Saka har skapt engasjement på begge sider av fjorden, og det har vorte argumentert både for og mot flytting. Kommunestyret i Volda vil prioritere betring av dagens samband, medan formannskapa i Ørsta og Vanylven er positive.

Fordelane som er lista opp er at det vert kortare reisetid, betre beredskap, billegare ferje, mindre miljøutslepp og betre trafikale høve ved kaia i Volda.

Negativt med flytting av kaia er at det vert ein lengre og meir utfordrande veg til og frå sentrum, større transportkostnader og inga tidssparing.

Samferdslesjef Arild Fuglseth skriv i utgreiinga at det er vanskeleg å sjå for seg at fylkeskommunen kan ta investeringskostnaden på mellom 70 og 90 millionar kroner for ny ferjekai dei næraste ti åra. Han held dermed fast på at dagens samband blir oppretthaldt.

– Dersom ein i arbeidet med å utarbeide ein ny ferjestandard for Møre og Romsdal ser at det vil vere viktig å få avklart dei framtidige ferjestrekningane i fylket, vil vi kome tilbake til dette prosjektet, skriv Fuglseth. Saka blir handsama i Samferdsleutvalet onsdag.