For det er akkurat panoramautsikt utbyggjaren reklamerer med når prosjektet no er lagt ut for sal. Etter eit halvår med stillstand er no Norgeshus Din Bolig AS i full gang med grunnarbeidet.

– Vi møtte nokre utfordringar i starten, der vi såg oss nøydde til å utlyse grunnarbeidet på nytt. Men no er vi i full gang, og støyping av grunnmurane er like rundt hjørnet. Vi får håpe på at det gode veret held fram, seier dagleg leiar Roar Eiken.

Det skal byggast to lavblokker med tre etasjar, som er samanbygde med felles heis og trappehus. Totalt vert det 27 bueiningar med storleikar frå 55 til 96 kvm BRA.

– Alle bueiningar har livsløpsstandard og tilfredsstiller krav om tilgjengeleg bueinheit, seier Frode Tømmerbakk.

Passivhusstandard

Passivhus skil seg frå tidlegare standardar ved at det vert stilt vesentlig strengare krav til byggets varmetap. Dette vert oppnådd ved at ein stiller strengare krav til isoleringsgrad i veggar, golv, tak og i vinduer og dører. Det er også stort fokus på bryting av kuldebruer og minimale luftlekkasjar.

Fordelane med passivhus er i hovudtrekk eit svært lavt energiforbruk og betre bukomfort. Val av passivhus vert sett på som ei langsiktig investering og det er, frå regjeringa si side, signalisert at passivhus om kort tid skal innførast som standard forskriftskrav.

Salet

Frode Tømmerbakk har sidan desember 2014, hatt salsansvaret i Norgeshus Din Bolig AS, og fortel om stor etterspurnad etter bustadar i Ørsta og Volda.

– Når det gjeld Engeset Panorama har 26 personar allereie meldt si interesse, og fleire av desse har alt reservert eller skrive kontrakt. Vi har enno ikkje annonsert dette prosjektet, så dette er svært positivt start seier Tømmerbakk.

Engeset Panorama

– Namnet kom naturleg på desse bustadane, og vi er stolte av namnet Engeset Panorama. Den spektakulære utsikta mot Brekkeheia i aust til Ørstafjorden i vest og Saudehornet mot nord  er noko av utsikta desse bustadane vil gi. Å sitje på verandaen med ein god kopp kaffi og berre nyte utsikta er ein draum for mange – og dette vil Engeset Panorama kunne tilby, seier Tømmerbakk.

Norgeshus Din Bolig AS har og fått utarbeidd ein presentasjonsvideo av prosjektet.