- Vi har starta ein leiteaksjon etter ein 48 år gammal mann. Han er om lag 190 cm høg og går truleg med ei grå jakke, opplyste Sunnmøre politidistrikt på Twitter like før klokka 21 torsdag kveld.

Mannen var sakna frå Volda sjukehus.

Det tok berre nokre minutt for politiet kunne melde at mannen var funnen.

- Vi rettar ein stor takk til observante personar i nærområdet, skriv politiet.