I eit lesarinnlegg i dagens Møre-Nytt, korrigerer Kjøde fleire av påstandane kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen kom med under spørjetimen i Stortinget førre onsdag.

Mellom anna hevda Røe Isaksen at HVO utaksaminerer ein låg del masterkanidatar, og at det er eit teikn på at fagmiljøa er små og sårbare.

– Til det er å seie at HVO uteksaminerer mange masterkandidatar samanlikna med andre høgskular på vår storleik. Vi er likevel ikkje nøgde med gjennomstrøyminga. Men fagmiljøa knytt til desse masterutdanningane er ikkje små og sårbare. Tvert i mot er dei blant dei sterkaste i landet, skriv Kjøde i innlegget.

Kjøde meiner også at det ikkje er rett at HVO ikkje har kapasitet til å drifte ei ny, femårig masterutdanning for lærarar.

Vi har eit svært godt grunnlag for å drifte den nye fem-årige lærarutdanninga på masternivå, skriv Kjøde.

Han er også usamd i Røe Isaksen sine kommentarar om statusen til velferdsyrka.

– Dette er ikkje berre ei utfordring for HVO som kunnskapsministeren påstår.

Les heile innlegget på side 16 i dagens Møre-Nytt.