Ordførarkandidat Jostein O. Mo (Ap) brukar ordet parlamentarisme når han skildrar ein situasjon han har liten sans for blant fleirtalskoalisjonen i Ørsta kommunestyre. Mo opplever det som ein form for parlamentarisme når saker vert lagt fram for kommunestyret som avgjorde og ferdigdiskuterte.

No registrerer Mo at Gunnar Knutsen (V) snakkar om å jobbe for å skape tillit etter at samarbeidet mellom partia i fleirtalskoalisjonen i Ørsta rauk i samband med legesenter-saka. Framstegspartiet braut ut av samarbeidet med Høgre, Venstre og Kristeleg Folkeparti fordi dei ville ha ein ny runde i saka.

– Samarbeid i politikken er sjølvsagt viktig og nødvendig, men det kan ikkje vere slik at eit fleirtal skal verte avgjort på førehand, sjølv om det ikkje er nokon ulovleg arbeidsmåte. Å drive med kompetansemobilisering er viktig, og å ta inn tilleggsopplysningar i saker, utan at det skal verte sett på som gale, seier Mo.

Han meiner ingen har grunn til å furte over at saka om lokalisering av legesenter ikkje vart vedteken lokalisert i Nordea-bygget.

– Denne saka ber preg av manglande opplysningar, mellom anna om økonomi, og ho var ikkje mogen for slutthandsaming. Og så var det lagt opp slik at ordføraren skulle få vide fullmakter utan at vi politikarar skulle vite kva vi skulle vere med å vedta, reflekterer Mo.

Han meiner ordførar Rune Hovde, som har stått hardt på ei lokalisering i Nordea-bygget, skal vere glad saka vert utgreidd i større breidde.

– Dei partia som sa nei til å banke denne saka gjennom, tok ansvar. Det skal ikkje vere snarvegar for politiske vedtak, og denne saka burde sjølvsagt vore lagt på bordet for saka sitt fagorgan, levekårsutvalet, meiner Jostein O. Mo.

Mo, som er ordførarkandidat, er overtydd om at ei arbeidsform der saker vert utarbeidde og får fleirtal bak lukka dører på ordførarkontoret, ikkje er vegen å gå for å stimulere til lokalpolitisk engasjement og rekruttering.

– Å oppnå tillit i sakene er det viktigaste. Ein får ikkje tillit av å drive lukka prosessar. På den måten kan ein også lett kome i situasjonar der viktige grunnlag for avgjersler manglar, vurderer Jostein O. Mo.