Anna Linnea Aske Sivertsen (sju og eit halvt år) søkte om tre dagars permisjon frå Øyra skule i Volda for å reise til Bergen og besøke mora Jorunn Aske. Ho jobbar som høgskulelektor ved Høgskolen i Bergen.

Skulen gav avslag på søknaden, men Anna Linnea visste råd:

– Kva gjer 2. klassingen når Øyra skule gir avslag på søknad om tre dagar permisjon? Då skriv ho til fylkesmannen. Det får då vere måte på, skriv Jorunn Aske på Facebook-sida si.

I det handskrivne brevet til Fylkesmannen i Møre og Romsdal argumenterer Anna Linnea med at ho skulle jobbe mykje med lesing, skriving og matematikk under opphaldet i Bergen, og vere med mora på jobb på høgskulen «i eit fagdidaktisk miljø».

Ikkje fått svar

Anna Linnea har i skrivande stund ikkje fått svar frå fylkesmannen, men faksimilen av brevet er likt og kommentert av ei rekkje personar på Facebook. Her er eit par døme:

«Dette må, med god margin, vere det nydelegaste klagebrevet eg har lest.»

«Ifølge den nye læreplanen i norsk, skal elevar kunne skrive argumenterande tekstar etter andre klasse. Her er vi allerede på plass, ser eg.»

Brevet og bildet er publisert etter løyve frå Jorunn Aske. Du kan lese heile brevet øvst i saka.