– Svaret er noko humoristisk lada, men det gjer samstundes greie for dei viktigaste grunnane til at endring er naudsynt, skriv Jon Georg Dale (Frp), dalsfjording og statssekretær i Finansdepartementet, i ein e-post til Møre-Nytt.

Han snakkar om eit brev han sende til Ulstein kommune onsdag, som svar på kommunen sin høyringsuttale mot regjeringa sitt forslag om å flytte ansvaret for skatteoppkrevjarfunksjonen (kemneren) frå kommunane til staten.

Saka verkar nok kjedeleg for mange. Det ville Dale gjere noko med.

På rim

Det er nemleg ikkje ein kva som helst slags høyringsuttale vi snakkar om her. Denne er nemleg på rim. Gjennom ni vers, og nesten utan naudrim, argumenter Dale for kvifor han meiner forslaget til regjeringa er rett:

«Eg viser til dykkar svar av den fjerde februar mot regjeringa sitt forslag om atvi må tenkje litt nytt om skattPå siste sida skriv Ulstein som såat kommunen sitt vedtak kan klagas på Så då nyttar eg dette høvet Ein kan jo alltids prøve?Det har vore lite handling og mykje pratOm å flytte skatteoppkrevjinga frå kommune til statEg meiner tida for lengst er inneOg at vi som samfunn har mykje å vinneLikebehandling av slike saker Om skattytar bur på Flø eller Blakerer viktigare for dei aller flesteenn at kemneren er enkel å gjeste

Arbeidsgjevarkontroll har fram til noIkkje vore tilstrekkeleg godMens svindlarar forsøkjer å unndra seg skatthar fleire kontor ingen kontroll i det heile tatt!Vi veit endå ikkje korleis kommunestrukturen skal vereMen det har jo lite med denne saka å gjereSkatteoppkrevjing skal vere fagleg og godAt oppkrevjaren er i ein annan by gjer ikkje no'.Sjølv om Noreg er ein av dei heldigaste statarBør vi ikkje ha for mange skattebyråkratarDet er mykje vi heller kan bruke pengane påI neste vers kan dykk berre sjå: Lærarar, omsorg og betre vegarMindre fattigdom og fleire legarVi kan til og med ta fram dei raudgrøne refrengaNo blir det endeleg vatn i bassenga!Likskap for lova og mindre snytingFleire kontrollar og høgare ytringEr argument som er så langt ifrå skrale At eg audmjukt ber Ulstein vurdere si høyringsuttale»

Retta mot Ørsta og Volda også

Også formannskapa i Ørsta og Volda har hatt forslaget oppe til debatt. Volda formannskap valde, til liks med Ulstein, å rå ifrå forslaget. Ørsta formannskap sa ja til forslaget, men fleire var usamde i vedtaket. Saka skal opp i begge kommunestyra.

– Svaret mitt til Ulstein er forsåvidt også retta mot dei debattane kommunestyra i Volda og Ørsta skal ha, skriv Dale i e-posten.

Han meiner argumenta for å flytte ansvaret over til staten er gode.

– Endring av skatteoppkrevjinga kan frigjere 500 årsverk i kommunesektoren. Desse kan i staden nyttast til andre tenester, som skule og eldreomsorg. I tillegg vil det gi grunnlag for styrka arbeidsgivarkontroll og nedkjemping av svart arbeid.