På veg ut frå Eiksundtunnelen kom ein bil opp på sida av han, miste kontrollen, snurra, og unngjekk så vidt ein kollisjon med ein møtande bil.

Sjå video i toppen eller botnen av saka.

- Det var idiotiferd, og det er difor eg fekk kona mi til å leggje denne videoen ut på facebook, fortel Torvik.

Han køyrde i retning Ulstein med lastebilen sin. På veg opp var han nede i femti km/t, og på veg ut av tunnelen byrja han å nærme seg 60 km/t. Han såg at det var slapseføre på vegen rett etter tunnelopninga.

- Med eitt såg eg ein bil kome forbi meg i sidesynet. Eg hadde ikkje venta ei forbikøyring der. Det er så vidt eg kan hugse dobbel sperreline når ein køyrer ut av tunnelen. Bilføraren miste heilt kontrollen på slapset, og unngjekk så vidt å kollidere med ein møtande bil. Han snurra også over i motsett køyrebane. Denne sjåføren hadde meir flaks enn ein kan forvente, seier Torvik.

No håper han at sjåførar vil ta lærdom av videoen slik at situasjonar som dette ikkje skjer igjen.

- Det er diverre ikkje fyrste gong eg har opplevd slik tullekøyring. Eg har opplevd å verte forbikøyrd om lag på same stad tidlegare. Då var det rett nok tørt, fortel Torvik.