Det er første gangen at lokallaga i KrF held felles årsmøte.

– Vi er spent på korleis det går, og vi har ein bra talar i Hans Olav Syvertsen. Det var utslagsgjevande for han at vi hadde felles årsmøte. Han er ein av våre fremste politikarar, og er anerkjent i alle krinsar, seier lokallagsleiar i Ørsta Reidun Vigestad Berge.

Tidlegare har lokallaga i Volda og Ørsta hatt tradisjon for å besøke årsmøta til kvarandre, og i dei to føregåande lokalvala har dei hatt felles programfesta saker som dei har arbeidd i fellesskap for.

– Vi har samarbeida over mange år, og dette er ei naturleg utvikling, seier Arild Iversen.

– Gjennom fellespunkta i programma våre har vi løyst store utfordringar, og fått til fleire gode samarbeidsprosjekt, seier Paul Kristian Hovden.

Fredag skal Syvertsen vitje Åmås samdrift i Ørsta og Høgskulen i Volda.

– Mellom møta vil eg ta opp viktige tema som flyplassen og sjukehuset si framtid, seier Iversen.