Streiken får konsekvensar for SFO- og barnehagetilbodet i Ørsta og Volda, og kan også påverke flytrafikken ved Ørsta-Volda lufthamn, Hovden.

Ørsta

Det har visst seg vanskeleg å få full oversikt over konsekvensane streiken får i Ørsta, men dette har Møre-Nytt fått stadfesta frå rektorane ved skulane i Ørsta:

Ved Velle, Vikemarka og Hovden skular blir det ikkje SFO onsdag.

Ved Vartdal skule held SFO ope, medan det ikkje er SFO på onsdagar ved Dalane Skule og Åmås Friskule. Sæbø skule har ikkje SFO dette skuleåret, og her får streiken ingen konsekvensar.

Det er uklart om streiken får følgjer for barnehagetilbodet i Ørsta.

Foreldre skal uansett ha fått varsel frå skular og barnehagar dersom streiken får konsekvensar for dei.

Volda

Som følgje av streiken, vil Engeset barnehage, Oppigarden barnehage og Vikebygda SFO bli stengt frå kl 14:00 onsdag, melder Volda kommune. Borna må difor vere henta klokka 14.

Volda kommune har ikkje fullstendig oversikt over talet på tilsette som vil delta i streiken.

– Vi veit difor heller ikkje kva konsekvensar dette vil for kommunen sitt tenestetilbod i tidsromet streiken varer, med unntak av det som er nemnt over.

Fly

Streiken kan få konsekvensar for avgangen frå Oslo til Hovden klokka 14.40.

- Spørsmålet er om det flyet går frå Oslo. Det veit vi ikkje enno. Fly får lande på Hovden under streiken, og vi har beredskap for ambulansefly, ambulansehelikopter og redningshelikopter, seier lufthamnsjef Sverre Bae til Møre-Nytt.

Streiken kan også gi forseinkingar for Widerøe etter at streiken er avslutta.

-  Nokre konsekvensar blir det nok, men dei er vanskelege å spå, seier Bae.

Buss og ferje

Verken Norled eller Fjord1 har varsla innstillingar av lokale ferjesamband. Det er heller ikkje venta at streiken fører til problem for lokale bussruter.

Fjord1 innstiller likevel avgangen frå Vestnes til Molde klokka 14.30. Det gjer at Timeekspressen frå Volda blir forseinka.