– Vi har gått saman om å informere ungdom om konsekvensane av ulovleg rusbruk. Saman har vi utviklet informasjonsmateriell, og Statens vegvesen besøker vidaregåande skuler for å informere om prosjektet. Same informasjon blir formidl via trafikkskular og legekontor over heile fylket, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.

Visjonen til etatane er null drepne og hardt skadde i trafikken. Eit av dei viktige tiltaka for å oppnå dette, er å ta førarkortet frå farlege sjåførar.

Om du røyker hasj eller misbruker andre rismiddel eller legemiddel, kan du miste førarkortet. Du kan også miste retten til å ta førerprøve.

– Dette er det mange som ikkje er klar over, og vi ønskjer å nå ut og avverge at ungdom prøver narkotika, seier Kjellbjørn Riise Johansen, politispesialist i trafikk i Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

For å få tilbake førarkortet, må du dokumentere at du har vore rusfri over ei lengre periode, vanlegvis eitt år.

– Informasjonsprosjektet vi rullar ut no, vil førebyggje både trafikkulykker og rusmisbruk blant ungdom, skriv vegvesenet i pressemeldinga.