– 2014 har vore eit år prega av ekstrem auke i sakstilgang for Søre Sunnmøre tingrett. Domstolen har aldri fått inn så mange tvistesaker i si over 200 år lange historie, fortel sorenskrivar Elisabeth Wiik.

Auken er på 33 prosent i innkomne tvistesaker samanlikna med 2013. Og for første gong nærmar talet på skjønnssaker seg talet på tvistesaker.

– Her har det vore ein enorm auke, på 315 prosent, fortel Wiik.

Hektisk

Arbeidsmengda har også auka med fleire tidkrevjande og store straffesaker og einedommarsaker. I 2014 merka dei ein auke i saker som gjeld førarkortbeslag, besøksforbod og fengslingar.

– Vi ser såleis at politiet på Søre Sunnmøre og i Sogn og Fjordane har nytta eventuelle ekstraløyvingar godt, slik at vi har fått meir å gjere i domstolen som følgje av dette, kommenterer Wiik.

Talet på barnelovsaker og barnevernsaker har også auka.

– Dette er svært tidkrevjande saker, opplyser Wiik.

Også talet på gjeldsordningssaker har meir enn dobla seg, og talet på tvangssaker, skifte, konkurs og vigsler har halde seg stabilt.

– Så det seier seg sjølv at 2014 var eit svært hektisk år for tingretten.

Jobbar gratis

Til trass for dette, melder Wiik at dei er godt innanfor måltala for saksavviklingstid for alle typar saker.

I meddommarsaker var saksavviklingstida i 2014 på 71 dagar, godt innanfor måltalet på 90 dagar.

For einedommarsaker var tida 17 dagar, og måltalet er 30 dagar. Saksavviklingstida for tvistesaker var på 145 dagar, også innanfor måltalet på 180 dagar.

– Og det er fordi dei tilsette har lagt ned ein ekstraordinær innsats, langt over det vi kan krevje med mange timar gratis overtidsarbeid, inkludert arbeid i helgar, for å få unna sakene, fortel sorenskrivaren.

Ho ønskjer seg fleire ressursar til kontoret i Volda.

– 2015 har byrja slik 2014 slutta, og dersom domstolen ikkje får tilført fleire ressursar er det dessverre ikkje sannsynleg at vi vil klare å halde saksavviklingstidene nede, trur ho.