Rundt klokka ti fredag kveld fekk politiet klage på feststøy frå ein privatbustad i Hovdebygda. Då politiet kom til staden viste festdeltagarane aggressiv og trugande oppførsel. Ifølgje Operasjonssentralen til Sunnmøre politidistrikt vert det oppretta sak.

Fredag kveld starta det og å brenne i motorrommet på ein bil i Ørsta sentrum. Ørsta brann og redning rykte ut. Varslarane heldt brannen under kontroll og den vart sløkt då brannvesenet kom til staden.

Til Møre opplyser brannbefal Guttorm Øye at bilen fekk små skader, men vart redda.