Hendinga fann stad i desember i fjor. I retten forklarte kvinna at ho hadde teke seg ein drink medan ho var heime. Rundt ein time seinare sat ho seg i bilen, og køyrde rundt 900 meter. Då kom ho bort i ein fortauskant slik at det eine dekket falt av, og køyreturen var over. Seinare kom politiet og tok kvinna med til lensmannskontoret for utandingsprøve. Den viste ein alkoholkonsentrasjon på 0,29 milligram pr liter luft. Kvinna, som er tidlegare ustraffa, hadde ingen innvendingar til resultatet, og ho erkjende seg straffeskyldig etter tiltalen i retten.

I formildande retning har retten lagt vekt på tilståinga. Køyringa gjekk føre seg i tettbygd strøk på delvis isbelagt veg, men på eit tidspunkt det var lite trafikk og køyreturen var kort.

I Søre Sunnmøre tingrett vart kvinna dømt til fengsel i seksten dagar, med ei prøvetid på to år. Ho vart og idømt ei bot på 15.000 kroner, subsidiært fengsel i femten dagar. I tillegg vart kvinna frådømt retten til å føre førarkortpliktig motorvogn i eitt år.

Kvinna vedtok dommen.