– Vi ønskjer oss ei eldsjel som kan sjå føre seg å drive Landhandelen vidare.

Etter 4,5 år seier Helle-Sofie Yndestad Aam og Hege Raknes Gran seg nøgde med eigen innsats i Landhandelen i Vikegata.

– Det er ein godt opparbeidd butikk. Vi har gjort grovarbeidet. Vi har hatt det veldig kjekt her, men det har vore mykje jobbing. No går butikken godt, og vi ønskjer å gi ansvaret vidare til nokon andre som kan kome med nye idear og nye impulsar og som går med ein liten draum om å drive butikk. Dette er ein unik sjanse, seier dei, som sjølve skal over i andre jobbar.

Det vil seie at dersom ingen vil ta over, er det slutt på historia til Landhandelen.

Interiør

– Vi har kundar frå både Ålesund og Nordfjord, og har inntrykk av at vi er vide kjende. Vi trur også at det er behov for oss og synest det er viktig at butikken får leve vidare. Butikkane i Ørsta utfyller kvarandre, og saman har vi godt utval og stor breidde. Samarbeidet i Vikegata er svært godt, rosar dei to, som håper at det finst ein interiørinteressert, engasjert butikkdrivar med stå-på-vilje og pågangsmot som kan tenke seg å ta over drifta i Vikegata.