Hendinga fann stad i september i fjor. Mannen brukte bilen til butikken, og på veg heim vart han stoppa av politiet. I retten forklarte han at han hadde drukke kvelden før, men at han ikkje hugsa kor mykje han drakk eller når han slutta å drikke. Han forklarte og at i denne perioden så drakk han kvar dag. Mannen er tidlegare ustraffa.

Alkoholutandingsprøva som vart teken ein dryg halvtime etter køyringa viste ein påverknad på 0,85 mg/l, og retten la til grunn at mannen hadde ein slik påverknad under køyringa. Retten påpeika at køyreturen ikkje var lang, men at det gjekk føre seg i tettbygd strøk på eit tidspunkt av døgnet då det var pårekneleg å møte andre trafikantar.

Søre Sunnmøre tingrett har dømt mannen til fengsel i 21 dagar. Fullbyrdinga av straffa vert utsett på vilkår at han gjennomfører program mot rusa køyring. Prøvetida er sett til to år.

Mannen vart og idømt bot på 46.875 kroner, subsidiært fengsel i 15 dagar. Han vart og frådømt retten til å føre førarkortpliktig motorvogn for ein periode på to år.