Kvardagen har endra seg for tidlegare geitehaldar Einar Arne Stennes. Han har etablert seg i Ørsta sentrum saman med foreldra. Og ein kvardag med lange arbeidsdagar og ansvar for 120 geiter på Nilsgarden på Stenes er historie.

– Det har vore eit slit og ein hard kamp å drive geitebruk på Stenes, utkanten i utkanten i Hjørundfjorden, synest Einar Arne.

Kampen han siktar til har handla om skyssbåt og uvisse kring denne – og heilårs vinterveg til Nilsgarden. Til slutt ordna det seg med ein brøyteavtale med kommunen for den 3,7 kilometer lange vegen, men det var ikkje gjort på ein halvtime å få fram avtalen, og prosessen karakteriserer eks-geitebonden som svært utmattande.

– Men eg vil ikkje gi Ørsta kommune skulda for at eg har avvikla geitedrifta. Fleire forhold ligg bak, også politikken frå dei blå-blå, seier Einar Arne som hadde ei kvote på 85.000 liter geitemjølk. Den leiger han no vekk.

51-åringen er oppvaksen på garden der bestefaren satsa på geiter for rundt åtti år sidan. Einar Arne tok over geitehaldet etter foreldra hausten 1991. Sidan har han, med god hjelp av foreldra, drive det mange meiner har vore eit mønsterbruk der det også har vorte premiering for framifrå geitemjølkproduksjon.

Framtid

Tanken om ei framtid eller ikkje som geitebonde starta i hovudet på Einar Arne i samband med det nasjonale prosjektet for sjukdomssanering i geitehaldet, der alle dyra i buskapen vert slakta og det vert sett inn nye dyr. Årsaka er vona om å verte kvitt byllesjuke og virus og tarmsjukdom, noko som har vore ei stor plage i næringa i fleire år. Ei sanering ville gi sterkare og meir robuste geiter.

Snappe

Einar Arne Stennes starta denne prosessen for to og eit halvt år sidan, og han slakta buskapen og var med på å snappe avkom frå mora, ein omfattande prosess. I samband med saneringsprosessen kom det nye krav til måten å drive geitehald på, og mange måtte modernisere driftsbygningane. Einar Arne Stennes hadde eit investeringsbehov på to-tre millionar kroner for å drive moderne og framtidsretta, og stette krava. Han sette seg ned og tenkte. Og han rekna og rekna. Skulle han bruke så mykje pengar på geitehaldet i ei tid der statsminister Erna & Co ivrar for dei store bruka? Eller skulle han gi seg no og gå ned med flagget til topps?

Etter ei heilskapsvurdering valde han det siste. Og i dag synest 51-åringen avgjerda er til å leve med, sjølv om det til tider er vemodig å tenkje på at Nilsgarden no ligg der mørk med tome hus og bygningar.

– Det er sjølvsagt ikkje berre negativt at det vart avvikling. Før hadde eg aldri fri, no har eg fått fritid, smiler Einar Arne som jobbar på teknisk avdeling på sjukehuset i Volda. I den lyse årstida på året ønskjer han å bu på Stenes slik at bøane på Stenes framleis kan vere velstelte, slik at hurtigrutepassasjerane nok ein gong kan stå på rekkja og smile over den romantiske delen av Hjørundfjorden.

I dag er det berre att fire geitebruk i Hjørundfjorden, og drifta både på Leknes og Skår er avslutta.

– Utviklinga er skremmande. Tenk all kunnskapen som forsvinn i landbruket kvar gong ein gardbrukar legg inn årane. Med all avviklinga som har vore har ein no kome ned på grunnfjellet og vel så det i landbruket. Alt vert mykje meir synleg når den siste forsvinn, reflekterer den tidlegare geitebonden på Stenes.

Ny tid: Einar Arne Stenes jobbar no på teknisk avdeling på Volda sjukehus.
Kjekke dyr: Geitene har danna næringsgrunnlaget på Stenes, men no er dei vekke for godt.